07 - P - Hotel Transylvania 3.jpg

Hotell Transylvania 3

Gled deg til tidenes monsterferie!
Monstera frå Hotell Transylvania er tilbake, og denne gongen står dei ovanfor noko som er meir skummelt enn all verdas spøkelse, vampyrar eller varulvar: familieferie!

Drac treng ein ferie frå den stressande hotelldrifta, og Mavis og Johnny bestemmer seg for å ta med heile monstergjengen på eit stort cruise i Bermudatriangelet. Monstervolleyball, eksotiske reisemål og mykje anna moro ventar. Undervegs fell Drac for den mystiske kapteinen på skipet, Ericka. Men det monstera ikkje veit er at Ericka er barnebarnet til Drac sin største fiende, Van Helsing. Det er opp til monstervennene å stoppe dei skumle planane hennar i tide. Bli med på sommarens store familieeventyr i Hotell Transylvania 3.