Hva vil folk si

16 år gamle Nisha lever eit dobbeltliv. Heime med familien er ho ei pakistansk dotter, medan ute med venner er ho ei vanleg norsk ungdomsjente. Når far hennar tar henne på fersken med kjærasten kolliderer dei to verdnane hennar brutalt. For å setje eit eksempel bestemmer foreldra seg for å kidnappe Nisha og plassere henne hjå slektningar i Pakistan. Her, i eit land ho aldri har vore i før, må Nisha tilpasse seg kulturen til foreldra.
 

Hva vil folk si er eit rørande og intenst drama om det vanskelege forholdet mellom ein far og ei dotter. Det er forteljinga om ei ung jente som må finne sin eigen veg. Nisha blir spelt av 18 år gamle Maria Mozhdah som gjer si fyrste store filmrolle. Faren blir spelt av Adil Hussain som har spelt i ei lang rekkje av indiske og internasjonale filmar, mellom anna Life Of Pi.

Hva vil folk si er den andre spelefilmen til regissør og manusforfattar Iram Haq. Den fyrste spelefilmen hennar Jeg er din hadde premiere på Toronto filmfestival og vann ei rekkje prisar på filmfestivalar over heile verda.