02 - Kampen om fjordaneThe Fight for The Fords 500kB.jpg

Kampen om fjordane

Synnøve Kvamme (22) er villig til å gå i fengsel for å redde fjella og naturen. Ho vil ikkje ha “monstermaster” gjennom det vakre fjordlandskapet i Hardanger. Trassig kjempar ho mot regjeringa sitt vedtak og Statnett sine planar. Bygdefolket blir møtt med truslar om namsmann og ekspropriasjon.
Dette er David sin kamp mot Goliat. Ikkje sidan protestane mot utbygging av Altaelva har eit naturinngrep blitt møtt med så sterke reaksjonar. Det som starta som ein kamp for urørt natur utviklar seg til å bli ein kamp for sjølve demokratiet.