10 - P - Kutoppen.jpg

Kutoppen

Klara er ei ung bykalv med ein draum om å bli stor stjerne. Ein dag får ho eit brev frå far sin, oksen Mosk, som ho ikkje har sett på mange år. Mosk vil at ho skal besøkje han på garden hans, Kutoppen, til sommaren. Mora til Klara har fortalt at Mosk er ei stor rockestjerne og no har Klara endeleg høvet til å bli kjent med han, overbevist om at han vil ha trua på at ho kan bli like stor stjerne som han. Men overraskinga er derimot stor når Klara kjem til KuToppen og oppdagar at faren Mosk ikkje er ei rockestjerne. Han er berre ein vanleg eplekakebonde. Og ikkje nok med det: Han har fått kugalskap og vil miste garden sin om han ikkje bakar hundre eplekaker på ei veke til kremmaren. Klara bestemmer seg for at ho skal redde garden, og ikkje berre det, ho skal bake så gode eplekaker at ho vil bli kåra til den beste bakestjerna i verda og Kutoppen vil bli ein stjernegard. Men utfordringane lurar: Klara kan ikkje noko som helst om gardsarbeid og nokon saboterer kakebakinga.