10 - P - Leave no Trace.jpg

Leave no Trace

«Leave no Trace er ei stillferdig fortelling om å leve på kanten av den amerikanske draumen. Regissør Debra Granik viser nok ein gong at ho er ei av dei sterkaste kvinnelege stemmene i filmverda. Også denne gongen møter vi menneske som lever i utkanten av samfunnet.

Tretten år gamle Caroline bur saman med faren i ein naturpark i Portland, Oregon. Faren lærer Caroline kunsten i å overleve i naturen. Dei unngår andre menneske og har skapt seg ein leirplass i skjul. Will er skada, krigsveteran og slit med traumar. Han taklar rett og slett ikkje å leve i samfunnet og har teke dottera med på flukt.

Når dei blir oppdaga vert dei tvinga attende til samfunnet gjennom eit program styrt av sosialtenesta. Snart må dei konfrontere sine motstridande behov: Caroline sitt ynskje om å vere ein del av eit samfunn, og Will sin trong til å leve i utkanten..