04 - Loving Vincent A.jpg

Loving Vincent

150 ulike kunstnarar har vore med på å male og sette saman 65 000 oljemaleri til ein spelefilm. Resultatet er ei fargesprakane, fascinerande og rørande forteljing om skaparglede, lidenskap og fortviling, der kvart einaste sekund er sett saman av 24 vakre maleri. Dette er ei utruleg bragd som ein aldri har fått til før. LOVING VINCENT er ein biografisk film om livet til Vincent van Gogh, og var nominert til Oscar for beste animasjonsfilm.

Det er den 29. juli 1890, og ein skada mann kjem haltande ned langs den vesle franske byen Auvres. Han held hendene over eit ferskt skotsår på magen. Mannen er Vincent Van Gogh - på den tid ukjend for verda, men i dag kjend som ein av tidas største kunstnarar. Hans tragiske død er omgitt av mystikk og spekulasjonar. Kven var det eigentleg som skaut?

Loving Vincent fangar på unikt vis Vincent Van Gogh sitt kunstnarskap, liv og død, ved å gje ei stemme til breva hans og nytt liv til karakterane i måleria hans.