03 - Lucky poster.jpg

Lucky

Lucky blei den siste filmen til Harry Dean Stanton - han vart 91 år, og på mange vis spelar han seg sjølv i denne filmen som han sjølv aldri fekk sjå.  Skodespelaren John Carroll Lynch, kjend frå filmar som Zodiac, Shutter Island og Fargo debuterer her som regissør.

Vi følgjer ein 90 år gamal, kjederøykjande ateist, og alle dei merkelege karakterane som bur i den vesle, avsidesliggjande ørkenbyen. Etter å ha overlevd alle sine jamnaldrande vener, finn den særs sjølvstendige Lucky seg ved eit av livets korsveger, og legg ut på ei spirituell reise for å finne seg sjølv og oppnå det uoppnåelege..