03 - B - Mirakel.jpg

Mirakel

Mirakel fortel historia om August som byrjar på ordinær skule for fyrste gong.

Mirakel er basert på den bestselgjande boka med same namn. Filmen fortel den morosame, inspirerande og varme historia om August Pullman. Auggie er fødd med deformert ansikt på grunn av ein genfeil, og har til no hatt heimeundervisning. Når han skal starte i femteklasse har foreldra bestemt at han skal byrje på ei vanleg skule, med barn han ikkje kjenner.

Auggie, familien, klassekameratane og lokalsamfunnet strevar alle med korleis dei skal handtere situasjonen. Auggie si utrulege reise beviser at det viktigaste ikkje er å passe inn, men å vere seg sjølv.