08  - Mission Impossible A.jpg

Mission: Impossible - Fallout

Tom Cruise er tilbake som Ethan Hunt i Mission: Impossible. Og denne gongen er sjølvaste Preikestolen i Noreg ein av destinasjonane.

Eit IMF-oppdrag går feil, og det får fatale konsekvensar for verda. Når Ethan Hunt prøver å ta tak i oppdraget igjen, byrjar CIA å tvile på motiva hans. IMF-teamet står føre eit intenst kapplaup mot tida for å hindre ei global katastrofe, medan både CIA og internasjonale terroristar gjer alt dei kan for å stoppe dei.