02 - Norske Byggeklosser A.jpg

Norske Byggeklosser

Ein komedie om kva som skjer når draumen om eigen bustad blir eit overveldande kaos.

Merete og Jens (Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen), eit par i tredveårea, har endeleg hellet med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. Etter altfor mange år i sokkelleilegheita i huset til den temmeleg eksentriske mora til Jens (Anne Marit Jacobsen), er dei overmodne for noko heilt eige.
No har dei sjansen til å få det dei drøymer om: Eit hus med hage før dei får barn. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan dét vere, liksom?
Men, som mange par har oppdaga før dei: Det er mange potensielle feller når ein skal skape sin eigen heim - særleg når paret sjølv ikkje har nemneverdige praktiske evner, og må stole blindt på "ekspertisen".

Problema hopar seg kjapt opp i møtet med systemet og folka som representerer det (som alle blir spelt av Atle Antonsen!): Den korrupte sakshandsamaren hjå Plan- og bygg, dei austeuropeiske arbeidarane som er meir opptatt av dofasiliteter enn snekkerarbeid, den alternative øko-arkitekten og petimeteret på gjenbruksstasjonen, for å nemne nokre.

Når paret også må handtere den stadig meir maniske svigermora, som lir av ei uforklarleg lyst til å brenne ting, blir det fort meir enn dei greier å takle.

For jakta på "det perfekte liv" kan fort truge lysta til å ha noko liv saman i det heile.