Ocean's 8

Vinden har snudd og det er ein heilt ny "Ocean's", når ei gruppe kvinner går saman for å planleggje og utføre det ultimate kuppet i New York.

Fem år, åtte månadar og tolv dagar... det er så lenge Debbie Ocean (Sandra Bullock) har brukt på å planleggje det største ranet i livet sitt. Ho veit akkurat kva som må til - ei gruppe med dei beste av dei beste innan deira område. Debbie og hennar partner-in-crime Lou Miller, går saman for å rekruttere ein gjeng med spesialistar: gullsmeden Amita, gatenaskaren Constance, familiekvinna Tammy, hackaren Nine Ball, og motedesignaren Rose.
Målet er diamantar til 150 millionar dollar, som kjem til å henge rundt halsen på den verdskjende skodespelaren Daphne Kluger, som vil vere midtpunktet på årets arrangement, the Met Gala.