Ordets makt

EIN FORDOMSFULL LÆRAR.
EIN OPPRØRSK STUDENT.
TO LÆREPENGAR FOR LIVET.

Neïla Salah (Camélia Jordana) er ei ung fransk kvinne med arabisk opphav, som til tross for ein fattig oppvekst har lykkast i å komme inn på juss-studiet ved universitetet. Der vert ho m.a. undervist av den kjende Pierre Mazard. Mazard er ein briljant førelesar, men òg ein provokatør som har vanskeleg for å skjule sine sexistiske og rasistiske synspunkt. Etter å ha trakka i salaten på det grovaste offentleg, der Neïla vart utsatt for dei utdaterte haldningane hans, blir Pierre grundig irettesett av leiinga på skulen. Han vert tvungen til å vere mentoren hennar i forkant av den prestisjefulle retorikk-konkurransen….