Per Fugelli - Siste resept

Framsyninga sundag 28. januar er utseld     Eit sterkt portrett av Per Fugelli. 

Samfunnet var pasienten hans, heile landet skrivebordet hans, og media vart konsultasjonsrommet hans. Som vår kollektive fastlege har han snakka i store, vakre bokstavar, og gjerne i krigstyper, om helsa vår. Samfunnsdebattanten og sosialmedisinaren Per Fugelli vart det siste halvanna året fulgt tett av filmskapar Erik Poppe, og resultatet er eit svært personleg, tankevekkjande og humoristisk portrett.

Per Fugelli - siste resept er ein rørande film om å leve for fullt til det heile er over.

Per Fugelli vart dei siste åra hylla for sin humanisme, samfunnsengasjement, humor og openheit om døden, noko som blir reflektert i filmen.

Møtet mellom Per Fugelli og Erik Poppe innleidde det siste halvanna året av livet til Per. Då Per Fugelli valgte å stoppe den vidare medisinske forlenginga av livet, starta dei to samtidig å dokumentere siste akt og nokre av dei vakraste augeblikka i Per sitt liv. - Filminga har gjeve meg endå ei meining og friske nye fargar i livet. Kanskje kjem eg til Hollywood, smilte han lurt, kort tid før han døydde i september 2017.

 

 

 

01 - Per Fugelli A.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 22 feb 20:45 Per Fugelli - Siste resept 110 LISJESALEN Alle Film Kjøp billett