05 - Pirates B.jpg

Pirates of the Caribbean: Salazar's Revenge

Johnny Depp vender tilbake som den ikoniske antihelten Jack Sparrow i den nye filmen "Pirates of the Caribbean: Salazar's Revenge". I dette fantastiske eventyret møter vi den uheldige Kaptein Jack Sparrow når sterke vondarta vindar bles i hans veg.

Ei gruppe avdøde sjømenn, leia av den fryktelege Kaptein Salazar (Javier Bardem), klarer å rømme frå Devil's Triangle og er fast bestemte på å drepe kvar einaste pirat ute på havet - og då særleg Jack Sparrow. Poseidon sin legendariske trident er Jack sitt einaste håp om å overleve, men for å finne den må han først smi ein skjør allianse med Carina Smyth (Kaya Scodelario), ein briljant og vakker astronom, og Henry (Brenton Thwaites), ein eigenrådig ung sjømann frå den kongelege marinen. Ved roret til the Dying Gull, det ynkelege vesle og slitte skipet sitt, prøver Kaptein Jack ikkje bare å snu den uheldige situasjonen, men òg å redde livet sitt frå grepet av den mest formidable og farlege fienden han nokon gong har møtt.