08 - Prebz og Dennis B.jpg

Prebz og Dennis: The Movie

Med over 200.000 følgjarar er Prebz og Dennis dei største YouTube-stjernene i Noreg. Når dei no går til filmen er det i ein sprø komedie om vennskap, kjærleik og konkurranse gutar i mellom.
Prebz og Dennis får sine største utfordringar nokon gong. Preben skal kome seg i form, og klatre eit fjell med 60 kilo i ryggsekken - like mange kilo som han har gått ned. Samstundes blir Dennis utfordra til å både ta lappen og få seg kjærast. I tillegg får vi alt vi kjenner frå youtube-kanalen deira, vlogging, pranks og skjult kamera.