04 - Rampage A.jpg

Rampage

Rampage er basert på det klassiske videospelet med same namn. 

Primatologen Davis Okoye (Dwayne Johnson) held seg normalt unna andre menneske, men til gjengjeld deler han eit ubryteleg band med George, ein ekstraordinært intelligent sølvrygga gorilla som han har passa sidan den vart fødd. Men då eit uautorisert genetisk eksperiment går veldig, veldig gale, blir den elles så kjenslevare apen forvandla til eit rasande monster av gigantiske proposjonar.

Og som om ikkje det var nok; blir det sjokkerande klart for alle at det samstundes er blitt skapt ei rekkje andre galne gigantiske genetisk muterte monster. Medan alle desse nye alfamonstera riv seg tvers igjennom Nord- Amerika og utslettar alt dei kjem over på vegen, prøvar Okoye, saman med ein miskreditert genforskar, å finne ei motgift til dei altøydeleggande kjempene. Saman vert dei tvinga til å kjempe seg igjennom ei lang rekkje konfrontasjonar med monster i eit desperat kappløp mot tida. Ikkje berre skal dei hindre ei global katastrofe, men dei skal òg redde den forskremde gorillaen som ein gong var Okoyes beste, og einaste venn...