Rett Vest

Ein varm og morosam feelgoodfilm om alt det vakre som kan komme ut av sorga.

Komedien RETT VEST handlar om  vikarlæraren Kasper (Benjamin Helstad), som mistar jobben same dag som  far hans Georg Margrethe (Ingar Helge Gimle) får eit mentalt samanbrot. For å komme seg vekk frå elendigheita bestemmer dei seg for å reise over fjellet til øya Ona, for å representere Kasper si nyleg avdøde mor i norgesmesterskapet i quilting. RETT VEST er ein varm og morosam feelgoodfilm om alt det vakre som kan komme ut av sorga, med eit imponerande skodespelarlag som briljerar foran kamera.