07 - Skyscraper A.jpg

Skyscraper

Dwayne "The Rock" Johnson er tilbake i ein ny katastrofefilm, og tek actionsjangeren til nye høgder!


Den tidlegare FBI-agenten Will Sawyer (Dwayne Johnson) blir henta til Hong Kong for å jobbe som sikkerheitsansvarleg for verdas høgaste bygning, "The Pearl". Oppdragsgivarane insisterer på at bygget er fullstendig sikra mot alle eventuelle ulykker. Men då ei gruppe terrorister set fyr på bygget, blir den høge konstruksjonen plutseleg til verdas største brannfelle. Sawyer må finne ein veg inn i infernoet, og trosse flammar og ekstreme høgder for å redde familien sin som er fanga der inne.