Kino

10 - The big sick A.jpg

The Big Sick

Frisk og moderne romantisk komedie av og med komikar Kumail Nanjiani (Silicon Valley).

"Kanskje den mest genuine og varme indiefilmen du kommer til å se i hele år!
Renner nærmest over av sjarm" - terningkast 6, FilmMagasinet

Den pakistanfødde standup-komikaren Kumail (Nanjiani) møter ein kveld Emily (Zoe Kazan). Det dei trudde berre var eit one-night stand utviklar seg til ei forelsking og eit forhold. Eit forhold som blir komplisert av at foreldra til Kumail forventar at han giftar seg med ei pakistansk muslimsk jente.
Då Emily brått blir alvorleg sjuk blir Kumail nøydd til å ta eit val. Skal han satse på forholdet med henne og navigere denne medisinske krisa saman med foreldra til Emily, Beth og Terry (Holly Hunter og Ray Romano),

eller skal han følgje ynskje til sine eigne foreldre?