04 - P - The Death of Stalin.jpg

The Death of Stalin

Det indre politiske landskap vert gjort om til ei bekmørk komedie i den nye filmen til Armando Iannucci.
Natta 2. mars 1953 er ein mann døden nær. Eit forferdeleg hjerneslag. Han siklar. Han tissar på seg. Han er i ferd med å trekke sin siste pust, og spelar du korta dine riktig kan jobben hans bli din. Mannen er Joseph Stalin – diktator, tyrann, slaktar – og Sovjetunionen sin leiar.
«The Death of Stalin» er ei satire om dagane før gravferda til leiaren. Dagar som kastar eit hånleg lys over all galskapen og det som følgjer med eit totalitært styre. Dagar so fekk menneska rundt han til å sloss for å arve den suverene makta.
Og alt er basert på verkelege hendingar.