The Post

Steven Spielberg sin film THE POST er eit intenst og brennaktuelt drama om USA si første kvinnelege eigar og utgjevar av ei avis Katharine Graham (Meryl Streep) i The Washington Post, og hennar redaktør Ben Bradlee (Tom Hanks) gjennom nokon kritiske månader i 1971.

Filmen skildrar avisa si avsløring av korleis den amerikanske regjeringa massive dekkoperasjon gjennom tre tiår og fire presidentar systematisk førte det amerikanske folk og verda elles bak lyset med si militære innblanding i Vietnam. Vi følger Graham, Bradlee og ei gruppe nitidige og handlekraftige journalistar hos The Washington Post i deira kappløp med den mektige rivalen The New York Times.

Under truslar frå høgaste politisk hald, må dei risikere både karriere og fengselsstraff for å avdekke statshemmelegheitene og bringe sannheten for ein dag, i det som blei kalla "The Pentagon papers"