06 - P - Tully.jpg

Tully

TULLY er ei moderne, varm og nesten rørande ærleg komedie om å vere mor i 2018.

 «en velgjort film med en godt fortalt historie om det moderne foreldrelivets utfordringer og fallgruver».  NRK

 OBS - Babykino onsdag 13. juni kl. 12.30

 

Marlo (Charlize Theron) er trebarnsmor, yngstemann er nyfødd, og dagane er utmattande. Bror hennar er ein vellykka forretningsfyr som sit godt i det, og når han ser at Marlo treng hjelp (og søvn!) føreslår han å hyre inn ei barnejente. Det tek litt tid før Marlo venner seg til tanken, men snart blir det danna eit unikt band mellom den slitne mora og den omsorgsfulle, overraskande og nokre gonger utfordrande unge barnejenta Tully (spelt av Mackenzie Davis).

TULLY er regissert av Jason Reitman og manuset er skrive av Diablo Cody, duoen som tidlegare har laga JUNO og YOUNG ADULTS.