03 - P - Utøya 22. juli.jpg

Utøya 22. juli

Spelefilmen Utøya 22. juli handlar om dagen vi aldri gløymer, men vanskeleg kan forstå.

Ei stor mengde fakta frå AUF sin sommarleir 22.juli 2011 kjenner vi frå rettsaker, bøker og media. Men dei færraste av oss veit mykje om den ufattelege panikken og forvirringa som oppstod, eller dei umoglege vala ofra vart stilt ovanfor. Ein terror som påførte så mange ei frykt og sorg dei må leve med resten av livet.

 

Utøya 22. juli er skrive på bakgrunn av vitneskildringar og kjente fakta, og skapt i tett dialog med fleire overlevande. Av respekt for ofra og deira pårørande, er karakterar og enkeltopplevingar oppdikta. I filmen møter vi Kaja (18) og venene hennar på sommarleiren, og ser hendingane slik det kunne ha sett ut for nokon på øya. Filmen startar når ungdomane, sjokkerte over bombeangrepet i Oslo, roar sine pårørande med at dei er langt unna. Den trygge atmosfæren blir broten då dei høyrer skot. Så følgjer vi Kaja i kampen hennar for å overleve - minutt for minutt.

 

Mykje av det som har vore skrive og sagt i media har handla om terroristen sitt manifest, dom, soningstilhøve og namnebytte. Med spelefilmen Utøya 22. juli ynskjer regissør Erik Poppe å skildre kampen ungdomane hadde for å overleve det ufattelege, og å bringe merksemda attende til ofra; dei drepne og dei som overlevde, deira pårørande, familiar og etterlatne:

 

- "Deres opplevelse av denne politiske terroren kan vanskelig beskrives med ord. Jeg håper filmen kan bidra til vår medfølelse og omsorg for dem som er tilbake, og skape større forståelse for hvordan tilfeldighetene rådet over alles skjebner i det kaoset som oppstod da ondskapen slo ned." ERIK POPPE