01 - P - What keeps you alive.jpg

What Keeps You Alive

Kor godt kjenner ein eigentleg eit anna menneske? Til og med dei som står oss aller nærast kan ha mørke løyndomar som ein aldri kunne førestille seg. Jackie (Hannah Emily Anderson) og Jules (Brittany Allen) skal feire sitt eit års bryllaupsdag på den aude hytta til Jackie. Men med ein gong dei kjem til hytta vert alt forandra. Den kjærleiksfulle Jackie (om det er hennar eigentlege namn)  syner ei ukjend og mørk side av seg sjølv. Og snart syner det seg at Jules må velje mellom kvinna ho elskar og ein vanvittig  kamp for å overleve.