07 - B - Wildling.png

Wildling

Skrekkfilm med Liv Tyler (Armageddon, Lord of the Rings) og Bel Powley i hovudrollene.

DISCOVER YOUR TRUE NATURE

Under heile oppveksten vert Anna (Bel Powley) innesperra og gøymt for omverda. Ein dag flyktar ho, og ho endar opp i varetekt hjå den lokale sheriffen (Liv Tyler), der ho møter ein heilt ny kvardag. Men samstundes som Anna prøver å forstå løyndomen med livet sitt, vert ho heimsøkt av skremmande tankar om monsteret ho alltid har høyrt skrekkhistorier om. Lagnaden er uunngåeleg, og det ho fryktar mest, må ho møte ansikt til ansikt…..