Kino

Wonder Woman - 2D

Regissør Patty Jenkins sin filmversjon av superhelten Wonder Woman hadde ei knallopning på kino i USA i premierehelga. Det vart ny rekord for ein film regissert av ei kvinne, og ny rekord for ein film om éin kvinneleg superhelt.

 

Før ho vart Wonder Woman, var ho Diana, Amasoneprinsessa, trena til å bli ein uslåeleg krigar. Ho vaks opp på ei isolert øy, men ein dag krasjar ein amerikansk soldat på stranda deira. Då han fortel om den massive konflikten som herjar i verda utanfor, reiser Diana, overtydd om at ho kan stoppe trusselen. Medan ho sloss side om side med menneska for å stoppe all krig, oppdagar Diana dei fulle kreftene sine... og den sanne lagnaden sin.