06 - Wonder Woman A.jpg

Wonder Woman - 3D

Før ho vart Wonder Woman, var ho Diana, Amasoneprinsessa, trena til å bli ein uslåeleg krigar. Ho vaks opp på ei isolert øy, men ein dag krasjar ein amerikansk soldat på stranda deira. Då han fortel om den massive konflikten som herjar i verda utanfor, reiser Diana, overtydd om at ho kan stoppe trusselen. Medan ho sloss side om side med menneska for å stoppe all krig, oppdagar Diana dei fulle kreftene sine... og den sanne lagnaden sin.