Førdehuset

Førdehuset er eit regionalt kulturbygg i Førde, som blei innvia i 1976 og påbygt i 1996. Storsalen blei nyopna i 2011etter ombygging og har 591 sete. Idrettshallen inneheld 3 handballbaner med tribuner. Her kan vi arrangere alt frå idrettsstemner til messer, store middager, fester og konsertar. Idrettshallen fekk nytt golv i 2015. 

Førdehuset ligg sentralt i Førde og det innvendige arealet er på 17.500 m2. Førdehuset inneheld Sunnfjord kommune - Kultur med Sunnfjord bibliotek, Kino Førde, Symjehall, Idrettshall og Førde stadion. Faste leigetakarar i Førdehuset er Førdefestivalen, Friskliv og frivillighets eininga, Idrett og friluftsliv.

Leig lokale i Førdehuset!

Skal du arrangere kurs, konferanse eller eit møte? Vi har godt eigna lokale for dei fleste høve som vi kan tilpasse for frå 2 til 600 personar. Vi leiger ut til organisasjonar, bedrifter og private.

Gå inn på www.fordehuset.no/utleige så finner du informasjon om våre lokale. Fyll ut «Forespørsel på utleige» så får du tilbod frå oss.

Velkommen som leigetakar!

Ta gjerne kontakt med oss på 5772 1900 eller kultur@sunnfjord.kommune.no