10 Liv

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: 10 Lives

Premiere: 2024-08-02

Varighet: 1t 27min

Sjanger: Animasjon, Barnefilm

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Norsk

Regissør: Chris Jenkins

10 LIV er ein sjarmerande og svært morosam animasjonsfilm for heile familien - med Steinar Sagen i hovudrolla som katten Buster! I dei andre norske stemmene finn me mellom andre Markus Neby, Abu Hussain, Galvan Mehidi, Anders Bye og Anna-Lisa Kumoji.

Buster er ein bortskjemt og egoistisk katt som tek det privilegerte livet sitt heilt for gitt. Men dette er i ferd med å endre seg dramatisk når han uforsiktig mistar sitt niande liv. Utan fleire liv att og konfrontert med lagnaden sin, må Buster innom Portvaktaren og trygle om å få livet sitt attende. Til å byrje med blir han avvist, men i ein sjeldan augeblink av medkjensle gjev Portvaktaren han ein ny sjanse på jorda med eit heilt nytt sett liv. Det Buster derimot ikkje er klar over, er at kvart av desse nye liva kjem til å bringe han attende i form av eit nytt dyr kvar gong… kvar av dei med ein viktig og lærerik erfaring. Gjennom denne reisa blir Buster endra frå å vere ein sjølvopptatt katt til ein sjølvoppofrande helt; for nokre gonger må ein gå mange ulike vegar for å finne den aller beste versjonen av seg sjølv.