After everything
Om filmen
Originaltittel: After Everything
Premiere: 2023-09-15
Varighet: 1t 33min
Sjanger: Romantikk, Drama
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Engelsk
Regissør: Castille Landon
After Everything er den femte og avsluttande filmen i After-serien.
Tessa og Hardin er ikkje lenger saman etter at Hardin ga ut den utleverande boka om forholdet deira utan at Tessa visste om det. Åleine i England raknar det for Hardin, han ramler utpå med alkohol og usunn livsstil. Han har kontrakt på ny bok, men utan Tessa i livet får han skrivesperre og dersom han ikkje fullfører eit nytt manus må han gje attende forskotet frå forlaget. Hardin innser at for å kunne halde fram vidare i livet, og ha ein sjanse til å vinne Tessa tilbake, må han rette opp feila sine frå fortida. Han reiser til Portugal for å besøkje Natalie, ei han tidlegare har behandla dårleg. Når han forstår at ho har gått vidare med livet sitt, greier Hardin til slutt å tilgje seg sjølv. Og han ser at det er mogeleg for ei framtid saman med kvinna han elskar. Samtidig førebur Landon og Nora seg til bryllupet sitt i USA, der både Tessa og Hardin er gjester. Kan paret som har gått gjennom alt endeleg tilgje kvarandre og ende opp saman?