All of us Strangers

Om filmen

Originaltittel: All of us Strangers

Premiere: 2024-02-16

Varighet: 1t 45min

Sjanger: Drama, Romantikk

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Andrew Haigh

All of Us Strangers er ei gripande forteljing om kjærleik, traumar og aksept med Andrew Scott, Paul Mescal, Claire Foy og Jamie Bell, skrive og regissert av Andrew Haigh. Ein av årets mest kritikarrosa og etterlengta filmar.

Ein kveld i ein nesten heilt tom leilegheitsblokk i London har Adam (Scott) eit møte med den mystiske naboen Harry (Mescal), som kjem til å endre rytmen i kvardagen til Adam. Etter kvart som forholdet utviklar seg mellom dei blir Adam opptatt av minne frå fortida. Han reiser attende til byen han vaks opp i, der han finn foreldra sine buande i barndomsheimen, akkurat som dei gjorde då dei døydde, 30 år tidlegare.