Kino Førde viser film

Kino Førde er godt i gang med filmframsyningar. Framsyningane vert lagt ut fortløpande, men ein del filmar vert p.g.a korona flytta ut i tid. Har du synspunkt eller ynskjer Husstandsframsyningar/Lukka framsyningar sender du ein epost til kino@sunnfjord.kommune.no

Hugs at du sjølvsagt må vere frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime.

Vi oppmodar alle om å vaske hendene både når du kjem og etter ei framsyning.

- Det er fint om du kjøper billett via nettsidene våre eller brukar eBillett-appen. I Billettsystemet får du no tildelt plass, og seta ved sidan av deg vert automatisk sperra
- I Storsalen kan vi selgje opptil 200 billettar, i Lisjesalen noko færre.
- Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene.
- Personar frå same husstand har lov å sitje saman.
- Kinoverten kan hjelpe til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum