Korona restriksjonar for arrangement og kino

Korona restriksjonar

Vi gler oss til å ta i mot deg! Men hugs at du sjølvsagt må vere frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime.

Vi oppmodar alle om å vaske hendene både når du kjem og etter ei framsyning.

- Det er fint om du kjøper billett via nettsidene våre eller brukar eBillett-appen. I Billettsystemet får du no tildelt plass, og seta ved sidan av deg vert automatisk sperra
- I Storsalen kan vi selgje opp til 200 billettar, i Lisjesalen noko færre.
- Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene.
- Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom
- Personar frå same husstand har lov å sitje saman.
- På nokon filmar og arrangement  vil vi hjelpe til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast.

 

Sist oppdatert 18.08.2020