Ant-Man and the Wasp: Quantumania

Om filmen

Originaltittel: Ant-Man and the Wasp: Quantumania

Premiere: 2023-02-15

Varighet: 2t 4min

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Original

Regissør: Peyton Reed

Scott Lang (Paul Rudd) og Hope Van Dyne (Evangeline Lilly) held fram som Ant-Man & The Wasp! Saman med foreldra til Hope, Hank Pym (Michael Douglas) og Janet Van Dyke (Michelle Pfeiffer), og dotter til Scott, Cassie Lang (Kathryn Newton), utforskar dei kvanteriket og legg ut på eit eventyr bortanfor det dei trudde var mogleg. Med Ant-Man & The Wasp: Quantumania blir fase 5 av Marvel Cinematic Universe sparka i gang.

Scott og Hope held fram med å utforske livet både som eit par og som superheltar. Livet smiler - Scott har skrive bok, Hope jobbar med humanitære formål, og familien - Janet, Hank og Cassie - er endeleg ein del av kvardagen. Cassie deler familien sin lidenskap for vitskap og teknologi, og syner spesielt interesse for kvanteriket. Ho er nyfiken, og det fører til at dei alle tek ein uventa einvegstur til den enorme subatomære verda, der dei møter nye skapningar, eit nytt samfunn og ein tidsmanipulerar med ein trugande agenda. Scott, Cassie, Hope, Janet og Hank blir dratt i ulike retningar, fortapt i ei verd i krig utan aning om dei nokon gong vil finne vegen heim att. Filmen inneheld sekvensar med blinkande lys som kan påverke dei som har lysfølsam epilepsi eller andre former for lyssensitivitet.