Aquaman and the Lost Kingdom

Om filmen

Originaltittel: Aquaman and the Lost Kingdom

Premiere: 2023-12-20

Varighet: 2t 3min

Sjanger: Action, Superheltfilm, Komedie

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: James Wan

Regissør James Wan og Aquaman sjølv, Jason Momoa, er attende - saman med Patrick Wilson, Amber Heard, Yahya Abdul-Mateen II og Nicole Kidman - i oppfølgjaren til den mest innbringande DC-filmen nokon gong. "Aquaman and the Lost Kingdom" kjem på kino i jula.

Etter eit mislykka fyrste forsøk på å sigre over Aquaman, blir Black Manta framleis drive av eit ynskje om å hemne faren sin død, og han vil ikkje la noko hindre han i å knuse Aquaman ein gong for alle. Denne gongen er Black Manta meir trugande enn tidlegare, med dei eldgamle og mannevonde kreftene til den myteomspunne Svartforken i hendene. For å vinne over han, treng Aquaman hjelp av bror sin, og han må dermed smi ein usannsynleg allianse med nettopp Orm, den tidlegare kongen av Atlantis. Dei må setje ulikskapane sine til side for å beskytte kongeriket og redde familien - og verda - frå fullstendig øydelegging. Alle skodespelarane er attende i rollene dei spelte i den fyrste filmen, med Jason Momoa som Arthur Curry/Aquaman, som no balanserer plikta som konge av Atlantis med ansvaret som far. Patrick Wilson er Orm, broren og erkefienden til Aquaman, Amber Heard er Mera, dronninga av Atlantis og mor til tronarvingen, Yahya Abdul-Mateen II er Black Manta, besett av tanken om å hemne faren ved å øydeleggje Aquaman og Atlantis; og Nicole Kidman er Atlanna, ein sterk leiar og mor med hjarta til ein krigar. I tillegg dukkar Dolph Lundgren og Randall Park opp att som høvesvis kong Nereus og Dr. Stephen Shin. "Aquaman and the Lost Kingdom" er regissert av James Wan og produsert av Peter Safran, Wan og Rob Cowan. Warner Bros. Pictures presenterer ein Atomic Monster / Peter Safran-produksjon, James Wan-filmen "Aquaman and the Lost Kingdom", på kino frå 20. desember.