100Songar_500x750px.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 21 feb 19:00 100 songar - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 22 feb 18:00 100 songar - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 14 mar 18:00 100 songar - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett

100 songar - Teater Vestland

Norgespremière

Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’ Eyes», og gjennom glasruta møter servitør Sally blikket til ein framand. I det same glepp ein kopp ut av hendene på henne. Den går i knas mot golvet, og verda står i brann.

«100 songar» tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55.

Til ein rytmisk struktur av ulike songar blir historia snurra tilbake til minutta og natta før det smell. Dei reisande fortel om livsviktige møte som dei har hatt, om draumar og om songane som får dei til å nynne i morgontrafikken. Alle har sin eigen melodi på leppene, fram til klokka blir fem på ni, og stemmene deira eksploderer i ein kakofoni.

«100 songar» er eit rekviem som handlar om døden, men snakkar om livet. Roland Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikane i vår tid, spelt over heile verda, og vi er umåteleg stolte av å ha norgespremiere på «100 songar».

AV Roland Schimmelpfennig
OMSETJING Tove Bakke
REGISSØR OG SCENOGRAF Terje Skonseng Naudeer
LYSDESIGN Krystian Myska
LYD Robert Tomkiewicz
KOSTYMEKONSULENT/REKVISITØR Synnøve Ringdal
Colombine Teaterforlag

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 21 feb 19:00 100 songar - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 22 feb 18:00 100 songar - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 14 mar 18:00 100 songar - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett