DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 20 nov 18:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 21 nov 11:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 21 nov 13:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 21 nov 15:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
Allehar12 Magnus Skrede_web.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 20 nov 18:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 21 nov 11:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 21 nov 13:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
lau 21 nov 15:00 Alle har en liten dør bak øret 0 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett

Alle har en liten dør bak øret


Alle har en liten dør bak øret er ein teaterserie i 8 episodar. Utgangspunktet for framsyningane er nyare norsk poesi, dikt og tekstar henta frå ulike bøker og samlingar gjeve ut etter år 2000. Annlaug Børsheim har satt musikk til fleire av dikta, og saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre, scenograf Mari Watn og lysdesignar Silje Grimstad har dei laga eit poetisk univers for born i alle aldrar. Framsyningane høver godt for born frå 2 -6 år, men heile familien kan gjerne sjå framsyninga saman.

Det sceniske landskapet er laga av pappøskjer i ulike storleikar, enkle pappfigurar og kleshengarar i metall. Me blir kjende med gåsa som har så altfor mange tankar i hovudet sitt, hunden som har ein storm i hovudet og muldvarpen som har ein tendens til å grave seg ned. Og den kloke katten som går ute om natta. Ved hjelp av skuggeteater og magisk lyssetting blir figurane levande, og borna blir med inn i eit særeige univers der ord, musikk og estetikk smeltar saman. Episodane er enkeltståande og kan visast uavhengig av kvarandre.

 

Øyeblikk . 20. november kl 18:00
- Du og jeg er øyeblikk, blunk så ble vi borte

I denne episoden møter vi gåsa som lurer på kven ho er, kanskje ho eigentleg er ein svane? Vi får høyre om korleis alt starta, at vi ein gong berre var eit bitte lite frø i magen. Eit lite frø som voks og voks og vart til eit lite menneske. Og menneska som fortsette å vekse, heilt til dei ikkje klarer meir, og så dør dei, og kattar dør og mus dør og allting blir borte i vegkanten. Det har eg sett.

Vet du hvem du egentlig er? spør gåsa.
Jeg er en muldvarp, sier muldvarpen.
Jeg graver. Holder det?
(Gro Dahle)

Dikta i denne episoden er skrivne av Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven, Gro Dahle, Svein Nyhus og Per Olav Kaldestad

 

Usynlige ting – 21. november kl 11:00
Tenk om eg var ein tanke og kunne reisa til deg
I denne episoden møter me små og store tankar. Tankar som kan reise jorda rundt og tankar me ikkje kan sjå. Me møter gåsa som ikkje får plass til alle orda i munnen sin og den kloke katten som kan ta med seg orda ut i natta, ut på eventyr. Denne episoden passer speseilt godt for de aller minste.

Det detter usynlige ting ned i hodet mitt hele tiden
Det er tankene som kommer og rømmer
Og rømmer og kommer hele dagen
(Svein Nyhus)
Dikta i denne episoden er skrivne av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven og Svein Nyhus

 

Andre Verdensrom – 21. november kl 13:00
Eg har en himmel inni tanken min
Visste du at griser ikkje kan løfte hodet, og derfor aldri har sett himmelen? I denne episoden møter me ein gris som drøymer om om å bli astronaut. Me snakker om stjerner og planeter, og hilser på den lille jenta som bur heilt aleine på den vesle stjerna beint over epletreet.

Bli med meg og hoppe paradis i verdensrommet!
Ingen merker at vi tar en pause fra planeten.
Mens menneskene her nede slukker lyset over senga,
Hinker vi langs Melkeveien - inn i evigheten.
(Christian Løchstøer)
Ditkta i denne episoden er skrivene av forfattatarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ragnar Hovland

 

Storm i hodet 21. november kl 15:00
En fryktelig vind blåser tankene bort
I denne episoden møter me hunden som har ein storm i hovudet, ein frykteleg vind som bles tankane bort. Den har berre lyst til å bite og slå, bite og klore og glefse og lugge og rive i filler og rive sund og øydelegge alt alt alt.
Så går de en tur,
katten og hunden,
for alle trenger litt luft i hodet,
litt vind i tankene,
litt fugler i håret,
litt granbar i pelsen,
litt gress under foten
og en venn som forstår det meste.
(Gro Dahle)
Dikta i denne episoden er skrivne av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ruth Lillegraven.

Manus og idé: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre
Musikk: Annlaug Børsheim
Tekstar: Per Olav Kaldestad, Gro Dahle, Christian Løchstøer, Ruth Lillegraven, Synne Lea og Svein Nyhus Scenograf: Mari Watn
Lysdesignar: Silje Grimstad
Co-produsent: Cornerteateret i Bergen