Andy_Hartigan's_Mando1.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 01 mai 20:00 Andy Irvine 200 Gamlebanken Konsert Kjøp billett

Andy Irvine

on 01 mai20:00200

Kjøp billett

Andy Irvine

Andy Irvine - ei levande legende innan irsk folkemusikk

 

Andy Irvine er ein av dei største og mest anerkjende irske songarane som finst! Stemma hans er blant den handfullen som titutlerast “truly great ones”, ei stemme som tek deg med til sjølva hjartet og sjela til Irland, og mange har uttalt at han utgjer “ein tradisjon heilt åleine”. Andy Irvine har ei karriere som spenner over 45 år og har fått ein heilt eigen plass i tradisjonsmusikkens “Hall of fame” gjennom dei åra.

 

Heilt frå han var med å starte opp gruppene “Sweeney´s Men” midt på 60-talet, den enorme suksessen “Planxty” på 70-talet, via “Patrick Street” og “Andy Irvine & Dónal Lunny's Mozaik” har Andy vore ein pionér og eit ikon for tradisjonell musikk og musikarar. Når han opptrer solo tek han den erketypiske trubadurrolla og gjev publikum ein konsert som syner fram ein musiker og ein livsstil som reflekterar hans store idol, Woody Guthrie. For å sitere kva avisa Irish Times skriv om Andy: "Often copied, never equalled".

 

Repertoaret til Andy strekkjer seg frå tradisjonelle irske songar og dansemusikk frå Balkan, og sjølvsagt mange songar han har skrive sjølv opp gjennom åra.. Ta med alle de kjenner til Gamlebanken for å oppleve ein av folkemusikksjangerens aller største legender!

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 01 mai 20:00 Andy Irvine 200 Gamlebanken Konsert Kjøp billett

Andy Irvine

on 01 mai20:00200

Kjøp billett