Vaffelhjarte-RT-06055- Foto_Muhammad_Ali.jpg

AVLYST - Vaffelhjarte - Riksteatret

RIKSTEATRET AVLYSER VÅRENS FRAMSYNINGAR,
og for Førdehuset gjeld det:

Tante Ulrikkes vei søndag 29. mars og
Vaffelhjarte laurdag 2. mai.

Alle som har kjøpt billett får refundert billettane. Dokke som har kjøpt billettar på nettet treng ikkje gjere noko . Pengane blir tilbakeført til den kontoen som var belasta i utgangspunktet. Det går 2-5 virkedagar før du ser pengane tilbake på din konto, men ver oppmerksam på at "innbeløpet" i nettbank/kontoutskrift kan leggje seg tett opp mot datoen når kjøpet blei registrert. Nokon gongar også foran “utbeløpet” Du bør derfor sjekke kontoutskrifta di heilt tilbake til kjøpsdato.

Dersom billettane blei betalt med kredittkort kan det godt være at pengane blir tilbakeført til kredittkortselskapet ditt. I så fall vil beløpet bli utligna på neste faktura.

Betalte du billettane heilt eller delvis med gåvekort, vil den summen som var belasta gåvekort bli tilbakeført til kortet.
Dersom du ikkje lenger har gåvekortet ditt eller du har andre spørsmål om refundering av dine billetter, så send en mail til post@ebillett.no

Har du kjøpt billettane dine i resepsjonen i Førdehuset eller i Rådhuset så ber vi deg komme med billettane i resepsjonen slik at vi får namn og kontonummer for å betale tilbake beløpet.

 

 

Ein venn i livet skulle alle ha!

 

Maria Parr er blitt omtala som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk frå Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du glede deg til ein fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to borna Trille og Lena i den lille bygda Knert-Mathilde. I Riksteatrets store familieframsyning følger vi dei to oppfinnsame borna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Dei finn på masse moro, gjer rampestrekar og har løyndommar saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lavmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redsla for å miste dei  han er glad i. Men Farfar følger med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdens beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikkje treng å være redd. 

--

Sagt om boka: 

"En hyldest til vennskap og fantasi." 
Aftenposten 

"Noen bøker går bare rett hjem. Søker seg frem til hjertet og lattermusklene og blir der" 
VG, 5

--

Passer for born frå 5 år.

På scena
Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen

Team
Regissør: Kjersti Haugen, Musikalsk ansvarlig: Ket Iren Lødemel, Scenograf, Kostymedesigner: Dagny Drage Kleiva, Dramaturg: Tine Thomassen og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 7. februar 2020

Produsert av Riksteatret