DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 14 nov 16:00 Bare Fjas og Blågras 0 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Bare Fjas og Blågras - bilde 2 - sitjande.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 14 nov 16:00 Bare Fjas og Blågras 0 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Bare Fjas og Blågras

Dette er ein gratiskonsert i samband med Bornas Verdsdag Førde. På grunn av smittevernreglar må alle som vil på konserten hente ut ein billett på Ebillett på Førdehuset for å få tilgang til konserten. 


Karane i Bare Fjas og Blågras har alltid vore glade i å synge og spele barnesongar. Det er likevel ikkje det einaste dei er opptekne av, for dei er også skikkeleg glade i å spele musikk frå den amerikanske landsbygda, altså bluegrass - eller blågras - om du vil. Du kan også kalle det 'kobboi'-musikk, og det er sånn musikk som får dei til å hugse gamle dagar, då dei budde på bygda blant kyr og høy, langt vekke frå by og støy. Så - brått ein dag fekk dei ein supergod idé: Kanskje det går an å spele barnesongar på ‘kobboi’-vis?

Med trestemd song, fem instrument og til saman 27 strenger, tek Bare Fjas og Blågras deg med ut på landet, for å spele songar du kanskje har høyrt før - slik ein ekte ‘kobboi’ ville ha gjort det!

Øyvind Smidt – fele, mandolin og vokal
Fritz Flåmo Eidsvaag – banjo og vokal
Hans Martin Storrøsten – gitar og vokal

Kjetil Sandnes – kontrabass