DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 18 nov 19:00 Beethovenkonsert Gloppen Musikkfest 300 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Beethoventurne.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 18 nov 19:00 Beethovenkonsert Gloppen Musikkfest 300 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Beethovenkonsert Gloppen Musikkfest

Kjære musikkvener, velkomen til konsert!
Gloppen Musikkfest har gleda av å arrangere turné i Vestland og Møre og Romsdal med Audun Sandvik på cello og Sveinung Bjelland på klaver.
I høve 250-årsjubileet for Ludvig van Beethovens fødsel, vert det eit reint Beethoven-program, og dei to musikarane gler seg til å fylle storsalen i Førdehuset med denne musikken.


Beethoven er å sjå på som ein av dei største komponistane i musikkhistoria og hans musikk har inspirert generasjoner av musikarar, komponistar og musikkelskarar.
Musikken hans kjennes som dagsaktuell og speglar alle periodane i liva våre, frå tidlege barneår og frem til alderdomen. Dette kjem spesielt godt fram i dei 5 sonatane han skreiv for cello og klaver. På meisterleg vis representerer dei 5 sonatane musikk-geniets tre komposisjonsperiodar: den ungdommelege, den kjempande og den modne Beethoven. På denne konserten får de høyre sonate nr 1 og 2 frå op 5, og nr 3 frå op 69.

 

Audun Sandvik er cellist i Det Norske Kammerorkesteret og tidlegere mangeårig alternerande solocellist i Kringkastingsorkesteret. Han er professor i cello ved Musikkonservatoriet UiT. Hans leikne og inderlege spel gjer ham til ein ettertrakta solist og kammermusikar både på heimebane og på internasjonale scener. Audun er ein av dei kunstnarlege leiarane for den klassiske kammerfestivalen Gloppen Musikkfest. Han spelar på en cello frå 1695, bygget i Roma av Giorgio Taninger. https://audunsandvik.com/


Sveinung Bjelland har vore solist med alle dei største orkestra våre under profilerte gjestedirigentar. Han har gjesta ein rekke konsertseriar og festivalar i diverse europeiske land, og han har markert seg like sterkt i solistrolla som i kammermusikken. Bjellands seinaste plateutgiving, «Chopin og Schumann» frå juni 2018 har fått strålande kritikkar i norsk og internasjonal presse. Han er professor i klaver ved Norges Musikkhøgskole og ved Universitetet i Agder i Kristiansand. https://www.sveinungbjelland.com
Duoen Sandvik/Bjelland har samarbeida tett i mange år, og har mellom anna gitt ut CD-en «Cello Sonatas», med sonatar av Rachmaninov og Shostakovitch, (LWC 1131). Den fekk glimrande kritikkar i norsk og internasjonal presse.