DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 05 mar 18:00 Bjørn Tomren - 90 minutter du aldri får igjen 445 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Digitale medier Bjørn Tomren med logo2.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 05 mar 18:00 Bjørn Tomren - 90 minutter du aldri får igjen 445 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Bjørn Tomren - 90 minutter du aldri får igjen

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Norge som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid rukke å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene».

 

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er og kjend frå den notoriske jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som blant anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus.

 

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk.
Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdsrekorden i flest forseringer av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.

 

Han kan også sjå tilbake på kort ein karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det:
«Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul».

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen kor Tomren gjer seg merka. I 2017 deltok han på verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva, og tok heim ein bronsehest.