DSotW_1920x1080px Førde.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 06 feb 19:00 Dark side of the wall- The nordic Floyd show 545 STORSALEN Konsert Kjøp billett

Dark side of the wall- The nordic Floyd show

DARK SIDE OF THE WALL - THE NORDIC FLOYD SHOW

 

I 2019 var det 40 år sidan det legendariske albumet «The Wall» blei utgjeven, og ein slik hending kunne ikkje bli forbigått i stille. Heldigvis er Dark Side of the Wall Norges beste Pink Floyd-tributeband, og dei var ikkje vonde å be. 

Konsertane på vestlandet i februar blei ein stor suksess, og Bergens Tidende trilla femmer. 
«Med to fullsatte hus i Grieghallen lørdag kveld leverte det bergenske coverbandet en imponerende forestilling som absolutt tilhører det aller
ypperste i sitt slag.» 
«Storslagent og imponerende på alle måter. Ikke helt Pink Floyd, men sannelig ikke langt unna.»
 
Andre tributeband gjer sitt beste for å kopiere heltane, mens nokon har allereie oppnådd nirvana: Å bli godkjende av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus ein rekke plassar i landet i 20 år.

Det hele starta i og for seg ved eit uhell. På tidleg 2000-tall helt trommis Helge Nyheim, gitarist Bjarte Aasmul og bassist Kai Taule på som band på Zachen i Bergen, og då ingen i publikum kunne stemme i på «Shine on You Crazy Diamond», måtte Helge trå til som vokalist. Etter den kvelden fann dei ut at det hadde vorr kjekt å speile Pink Floyd-låtar oftare, og Dark Side of the Wall oppstod og har heldt det gåande sidan. 

I Førdehuset, torsdag 6. februar 2020 gjer Dark Side of the Wall eit av sine største og feitaste show hittil. Det er berre å kjenne si besøkelsestid! 

Dark Side of the Wall er Bjarte Aasmul på gitar, Helge Nyheim på trommer og vokal, Kai Taule på bass og Dag Øyvind Rebnord på tangenter. 

https://www.facebook.com/DSOTWNorway/

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 06 feb 19:00 Dark side of the wall- The nordic Floyd show 545 STORSALEN Konsert Kjøp billett