DSotW_1920x1080px Førde.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 06 feb 19:00 Dark side of the wall- The nordic Floyd show 545 STORSALEN Konsert Kjøp billett

Dark side of the wall- The nordic Floyd show

 

I 2019 er det 40 år sidan det legendariske albumet «The Wall» blei gjett ut. Ei slik hending kan ikkje bli forbigått i stillhet. Heldigvis er Dark Side of the Wall Norges beste Pink Floyd-tributeband og dei var ikkje vonde å be.

Konsertane på vestlandet i februar 2019 blei ein suksess. Bergens Tidende trilla ein femmar på terningen og syns det var «Storslagent og imponerende på alle måter.». Vidare kunne dei melde at, «Med to fullsatte hus i Grieghallen lørdag kveld leverte det bergenske coverbandet en imponerande framsyning som absolutt høyrer til det aller ypperste i sitt slag.»
Andre tributeband gjer sitt beste for å kopiere heltane, mens nokon allereie har oppnådd nirvana: Å bli godkjent av sine eigne idol. Dark Side of the Wall er bandet som Roger Waters mener er «F***ing brilliant», og som har spela for fulle hus ein rekke stader i landet i 20 år.

Det heile starta tidleg på 2000-tallet med trommis Helge Nyheim, gitarist Bjarte Aasmul, bassist Kai Taule og deira felles kjærleik for Pink Floyd. Dei fekk med seg Dag Øivind Rebnord på tangentar og Dark Side of the Wall var et faktum. Sidan har gjengen haldt det gåande.

I februar 2020 gjer Dark Side of the Wall eit av sine største og feitaste show hittil. Med seg har dei unike gjestar av fremste klasse: Ian Ritchie (UK), sax (Roger Waters band), Sharon Gaynor (IRL) og Tine Taule på vokal. Det er berre å kjenne si besøkelsestid!

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 06 feb 19:00 Dark side of the wall- The nordic Floyd show 545 STORSALEN Konsert Kjøp billett