DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 15 aug 16:00 Diptych - Hestad kapell 200 Hestad Kapell Arrangement Kjøp billett
Helga.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 15 aug 16:00 Diptych - Hestad kapell 200 Hestad Kapell Arrangement Kjøp billett

Diptych - Hestad kapell

Litteratur og musikk som kunstformer har både likskapar og forskjellar. Publikum tek gjerne med litteraturen heim til godstolen, medan den klassiske musikken ofte får tone ut i konsertsalen. Når dei to skal kombinerast, vert det helst på kun den eine kunstarten sine premissar.
Diptych tyder todelt, men samanhengsla kunst.
Janne Karin Støylen, litteraturformidlar, og Helga Lied Wyrtz, fløytist, hadde eit ønske om å late dei to kunstformene reagere likestilt på kvarandre. Difor får publikum ei framsyning der halvparten er tekstar som musikaren har funne si tolkning av, medan den andre er musikk som litteraturvitaren har funne tekstar til. Dette er ei uvanleg arbeidsform, og det er ei glede å presentere konseptet i Sunnfjord.
Kunstnarane lovar varierte stemningsmåleri med ord og tonar i foreining i Hestad kapell denne søndagen.