Eg-snakkar-om-det-heile-tida-RT-06712- Foto_Riksteatret_JPG.JPG
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 mar 19:00 Eg snakkar om det heile tida - Riksteatret 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Eg snakkar om det heile tida - Riksteatret

PRODUSENT: EMNET KEBREAB

AV CAMARA LUNDESTAD JOOF. REGI KJERSTI HORN.

 

"Når folk spør meg hvor jeg kommer fra, misforstår jeg med vilje. Jeg svarer Sandefjord. Og når de spør hvor jeg egentlig kommer fra, så svarer jeg Bodø."

Fekk ho det som ho ville, hadde dramatikar og forfattar Camara Lundestad Joof slutta å snakke om rasisme for lenge sidan. Ho vil mykje heller skrive romanar om vampyrar i verdsrommet, men enn så lenge må science fiction vente mens Camara rettar vår merksemd  mot verkelegheita - slik den har møtt og forma ho.

I boka Eg snakkar om det heile tida gis rasisme i Norge eit sanningsvitne. Gjennom ein serie historier og betraktningar frå eigeliv, skildrar Camara korleis rasismen har infisert kvardagen og tankane hennar. Korleis den har endra måten ho beveger seg i verda, og forheld seg til andre menneske.

Innimellom historia tar vi del i tvilen, og frykta for at alt ho gjer, alt arbeidet ho legg inn, til slutt ikkje er til nokon nytte. At det ikkje vil gjere nokon forskjell. Ho ransakar minnene. Kva om ho minnast feil? Korleis  skal nokon tru ho då?

Eg snakkar om det heile tida har fått svært gode kritikkar, og blir no teater for heile landet i Kjersti Horn sin regi.

--

Sagt om boka:

"Uttalt og synlig rasisme er de fleste mot, så det Joof ofte fokuserer på er i stedet de små kommentarene, neglisjeringen og tausheten"

Dagbladet (terningkast 5)

"Snakker rett til hjertet mitt. Den river og røsker i huden og pirker i følelsene mine"

VOKS tidsskrift

"Engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av."

Framtida.no

--

På scena

Ameli Isungset Agbota, Tani Dibasey og Terese Mungai-Foyn

Team

Regissør: Kjersti Horn, Scenograf, Kostymedesigner: Erika Magnusson, Lysdesigner: Tobias Leira, Lyddesigner: Erik Hedin, Dramaturg: Monica Ifejilika og Produsent: Emnet Kebreab

 

Framsyningslengde: 1 time 30 minutt (ingen pause).

Produsert av Riksteatret.

 

}
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 04 mar 19:00 Eg snakkar om det heile tida - Riksteatret 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett