DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 21 des 18:00 Eva Weel Skram: Falle til ro – ein julekonsert 575 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
SW-EWS-juleturne-SOME-201209-igstory.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 21 des 18:00 Eva Weel Skram: Falle til ro – ein julekonsert 575 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Eva Weel Skram: Falle til ro – ein julekonsert

Etter ein noko utradisjonell, men vel så koseleg juleturné i 2020, kan vi med glede dele nyheita om at suksessen gjentar seg  i 2021. Eva Weel Skram ser frem til å ta med både eigne julelåtar og andre nøye utvalde favorittar på sin andre juleturné. Publikum over heile landet kan forvente seg ein stemningsfull aftan med musikalske perler på ei snor.

 

Evas eiga evne til å tolke andre sine  låtar har vore krystallklar for det norske folk sidan hennar deltaking i «Hver gang vi møtes», der ho skapte eigne slagerar av andre sine  hitlåtar som «Evig eies – kun et dårlig rykte» og «Snakke litt».

 

Etter at Skram gjekk over til morsmålet, har ho turnert landet på kryss og tvers, spela på dei aller fleste av landets kulturhus og klubb- og festivalscener. Ho har også opptredd på utallege TV-program, både med sine eigne låtar, men også tolkingar av julelåtar som Prøysens «Romjulsdrøm» og Joni Mitchells udødelige «The River».

 

Etter kvart som stadig fleire julelåtar sneik seg inn på liverepertoaret i vintermånedane, følte det stadig meir naturleg å omfamne dette formatet, sette saman sitt eige utval av julesongar som betyr mykje for Eva sjølv, og som tydeligvis treff  hennar publikum kor enn ho speler. Resultatet er juleturneen «Falle til ro», som strekk seg frå midten av november til to dagar før jul. Velkommen!