DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 15 des 18:00 Eva Weel Skram Julekonsert 2020 550 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
ty 15 des 20:30 Eva Weel Skram Julekonsert 2020 550 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Eva Weel Skram av Julia Marie Naglestad.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 15 des 18:00 Eva Weel Skram Julekonsert 2020 550 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
ty 15 des 20:30 Eva Weel Skram Julekonsert 2020 550 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Eva Weel Skram Julekonsert 2020

Falle til ro – ein julekonsert

Fire år har gått sidan Eva Weel Skram slapp sin første julelåt, og i november legg ho ut på sin første juleturné med nøye utvalde favorittlåtar. Publikum over heile landet kan forvente seg ein stemningsfull kveld med smittande humør og musikalske perler på ei snor.

Ein av Evas første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass i lista over nye norske juleklassikarar. I fjor fekk den følge av «Falle til ro» som Eva skreiv til Netflix-serien «Hjem til jul» som blei ein kjempesuksess.

Eva sin evne til å tolke andre sine låtar har vore krystallklar for det norske folk sidan hennar deltagelse i «Hver gang vi møtes», der ho skapte eigne slagarar av andre sine hitlåtar som «Evig eies – kun et dårlig rykte» og «Snakke litt».

Etter at Skram gjekk over til morsmålet, har ho turnert landet på kryss og tvers, spelt på dei aller fleste av landets kulturhus og klubb- og festivalscener. Ho har også opptrått på utallege TV-programmer, både med sine eigne låtar, men også tolkningar av julelåtar som Prøysens «Romjulsdrøm» og Joni Mitchells udødelege «The River».

Etter kvart som stadig fleire julelåtar sneik seg inn på liverepertoaret i vintermånedene, føltes det stadig meir naturleg å omfavne dette formatet, sette saman sitt eige utvalg av julesongar som betyr mykje for Eva sjølv, og som tydelegvis treff hennar publikum kor enn ho spelar. Resultatet er juleturneen «Falle til ro», som strekk seg frå midten av november til to dagar før jul. Velkommen!

 

NB! For å kunne ta inn 200 i publikum, og halde oss til FHI sine smittevernreglar så er det fritt setevalg og publikum blir plassert i salen når de kjem. Både amfi og galleri blir brukt. Vi oppmodar om å vere tidleg ute, ca 30 min før konsert start.