Familielaurdag i Førdehuset

Ein laurdag i månaden vil vi invitere til Familielaurdag i Førdehuset. 

Datoar våren 2019:

9. februar

27. april

 Vi lagar i stand ei mengd med aktivitetar for både store og små! Det kostar 50 kroner pr. person og du kan delta på så mange aktivitetar som du vil.
(billettane kjøper du i resepsjonen i Førdehuset under Familielaurdagen, eller på nettsida vår. Begrensa tal billettar) 
Følg med her på arrangementet så oppdaterer vi aktivitetane etterkvart.
Billettar kjøper du på nett eller i resepsjonen.

 

Du velger aktivitet, og vil då få utdelt eit "smykke" for den stasjonen du vil på. Når du er ferdig, går du til resepsjonen for å bytte aktivitet og få nytt "smykke". "Smykket" fungerer som billett for dei ulike aktivitetane. 
Det blir begrensa plassar på nokon av aktivitetane så du må rekne med litt ventetid.

Sunnfjord Cafe og Catering tilbyr graut og saft for 58,- (påfyll 20,-) så laurdagsgrauten kan du og få hos oss denne dagen!

PS! Er du medlem av eit lag eller organisasjon som har lyst å vise seg fram og delta på Familielaurdag så ta kontakt på e-post til: mai.kristin.tidemansen@forde.kommune.no

Velkommen til ein knallkjekk laurdag i Førdehuset :)

Les meir