Plakat Membra Jesu nostri.jpg

Førde Kammerkor - "Membra Jesu Nostri" av Dietrich Buxtehude

Førde kammerkor, arrangør, framfører «Membra Jesu Nostri».av Dietrich Buxtehude 1680. Det vert rekna som hans fremste vokalverk. «Så vakkert om noko som er så sårt», er den korte skildringa av musikkverket, som passer godt inn i bodskapen til bots –og bededag. Verket er ei tonesetting av middelalderdiktet «Salve Mundi Salutare», som fortel om Jesu Kristi liding på korset og Jesu lekam som rettesnor. Det er éin kantate for kvar kroppsdel: Føter, kne, hender, sider, brystkasse, hjerte og ansikt. Dei sju kantatane er sett saman til det som blir kalla det første lutherske oratoriet. Både tone og ordlyd er tidstypisk for tysk kyrkjemusikk på denne tida. I diktet er det bunde inn tekstar frå det gamle og nye testamente, og val av tekstar har truleg Buxtehude gjort sjølv.
Velkomne til ein vakker konsert.

 

Førde Kyrkje Laurdag 26. oktober kl 18.00
Naustdal Kyrkje Sundag 27. oktober kl 16.00